NPK-språket

kr 298

NPK-språket er boka for den som stiller krav til språket i mediene. Det skal vere klart og korrekt. Nynorsk pressekontors språkreglar byggjer på mange års intern språkrøkt og diskusjon. Her deler Hallvard Østrem og kollegene kunnskapen sin med deg.

Kategorier: ,

Beskrivelse

Først kom NTB-språket, for alle journalistar som skriv på bokmål. Med den nye NPK-språket får du oppslagsboka du treng for at nynorsken skal bli perfekt – anten du skriv nynorsk dagleg, eller no og då. Boka er laga for pressefolk. Difor passar ho for alle som skriv nynorsk.

Dette er boka for den som stiller krav til språket i mediene. Det skal vere klart og korrekt. Nynorsk pressekontors språkreglar byggjer på mange års intern språkrøkt og diskusjon. No vil redaktør Hallvard Østrem og kollegene gjerne dele kunnskapen sin med fleire.

NPK-språket er bygd over den same lesten som Norsk Telegrambyrås (NTB) språkhandbok, NTB-språket men for nynorsk.
Boka er delt i to delar: ei ordliste og ein regeldel. Ordlista femner over 30.000 oppslagsord. Regeldelen inneheld gode råd om rettskriving og språkbruk. Ordlista har basistilfanget av ord i nynorsk – og litt til. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk.

I regeldelenn får du nyttige tips om mangt som redaksjonen veit at mange er usikre på: teiknsetjing, bruk av tal og talord, store og små forbokstavar, nynorsk rettsspråk eller transkribering. Boka forklarer dei viktigaste skilja mellom nynorsk og bokmål. Les meir om typiske feil og vanlege misforståingar, og om snarvegane som gjer det lett å skrive nynorsk.
Dermed har NTBs språkhandbok fått ei nynorsk syster. I NPK-språket står alt du treng å vite, anten du lurer på korleis eit ord skal skrivast eller du vil ha gode råd om korleis du kan bli ein betre skribent.

Redaksjonen har valt å halde på ein god del av valfridommen i nynorsk. Innstrammingane er basert på dei formene som er mest vanlege. Det er rett å gi eit spelerom for personleg stil både ut frå generasjonsskiland og dialektbakgrunn, seier sjefredaktør Kirsten Offerdal i Nynorsk Pressekontor. Journalist Hallvard Østrem er redaktør for boka. Han har fått kon
sulenthjelp frå røynde nynorskbrukarar som Asgeir Olden ved Institutt for Journalistikk og NRKs språkkonsulent Jon Peder Vestad.