Bygdanyttboka

kr 298

Bygdanyttboka er ei tidsmaskin. Bli med på oppdagingsferd til 1970-talet slik det arta seg på norsk, nærare bestemt i Fræna kommune i Romsdal.

På 200 sider i gåvebokformat møter du mellom anna Edvard Hoem. Det er her «Heimlandet Barndom» og «Fars og mors historie» utspelar seg. Den unge forfattaren er med i boka, fersk med «Kjærleikens ferjereiser».

Kategori:

Beskrivelse

Det blir kursa i dansestega til John Travolta i «Saturday Night Fever» på samfunnshuset. Industrigründeren Birger Hatlebakk feirar medarbeidar nummer 1000, medan Saga Petroleum sørger for eit stappfullt folkemøte i Gule grendahus når dei vil føre i land gass her på Romsdalskysten.

Gutane er småforelska i Siv i kiosken på Bamsekroa, medan jentene kastar lange blikk til det nye rockebandet som øver på Torshall. På same tid veltar den siste mjølkespannbilen.

Bygdanyttboka er blitt ein visuell fest. Bilda i boka har også engelsk tekst, med tanke på at boka også har appell til resten av verda: Slik levde vi då, her i nord.

Introduksjonspris fram til 15. november: 298 + porto (ordinær pris 398,-)

Portofri utsending ved kjøp av fem bøker eller meir.

ENGLISH

The last milk truck in Fræna has slid off the road. But not a drop of milk is spilled.

Another day, strongman Torkel is preparing for his show. He will run over the performer Ann-Lee with his motorbike while she is lying on glass shards. These are just two in a series of unique pictures from the small newspaper Bygdanytt.  Read the history of how the changing times of the 1970s were playing out for ordinary (and some not so ordinary) people in Fræna.

Buy Bygdanyttboka. Complete with English translations.

Author Lars Aarønæs says:

«Bygdanytt was a local initiative. Many people thought that the Fræna municipality needed its own local newspaper. It was started in 1975 and operated on a voluntary basis. In 1977, a more professional staff took over. I was hired in May and worked as the only permanent journalist for several years. The working days were long, but always just as fun to meet the people in Fræna and to pass on what they had to tell. It is my hope that the short English texts in the book can convey some of the joy it gave to writing and photography for Bygdanytt – a tiny local newspaper in the northwestern part of Norway in the late 1970s.»