Bygdanytt-kalenderen

kr 249

Bygdanytt-kalenderen er den beste julepresangen til alle som har tilknyting til Fræna. Du får han ferdig tilsendt i posten for 249 kroner. Du bestiller her.

Kjøp tre eksemplar eller fleire og få 25 prosent rabatt.

Kjøper du ti eller meir, får du 40 prosent avslag i prisen.

Lokalbladet Bygdanytt blei etablert av Fræna kommune i 1974. Avisa blei seinare eit eige selskap, og dekte då også Eide. På det meste kom avisa ut tre gonger i veka. Lars Aarønæs (fødd 1958) frå Tornes var journalist og fotograf her frå 1977 til 1980. I Bygdanytt-kalenderen 2019 finn du somme av Fræna-motiva hans frå denne perioden.

Bygdanytt-kalenderen er eit supplement til Bygdanytt-boka, som kjem i 2019. Prosjektet har motteke støtte frå Fræna Sogelag, Pareliusfondet og Romsdalsbanken.

Vil du ha kopiar av bilda? Ta kontakt: laa@komma.no

Copyright Lars Aarønæs, Komma.no AS

Beskrivelse

<januar>

Færingen er i støa att etter dagens fine storsildfangst i Elnesvågen. Fiskarane er Asbjørn Haukås (til venstre) og sonen Hans Bjørn «Hansemann» Haukås. Jendemsfjellet og Høstmarkbrygga i bakgrunnen (1979).

<februar>

Betjentane på Fræna lensmannskontor på Tornes har fått nytt, trådlaust sambandsutstyr i bilane sine. Det gir grunnlag for både omtale og bilde i Bygdanytt. Frå venstre Ola Hals, Arne Jenssen og Nils Johan Gjendem (1977).

<mars>

Montør Kristian Helseth (til venstre) og disponent Torgeir Vargel syner fram ein av i alt fem nye, drivkvite dumparar. Moxy på Varholen hadde fått tinging på denne spesielle fargen frå ein dansk entreprenør. Elles er det gult som gjeld for slike maskiner. D16-modellen blei levert mellom oktober 1975 og mai 1980, i totalt 415 eksemplar. Avløysaren heitte sjølvsagt D16B (1977).

<april>

Det eine laget: Fræna-politikarane hadde ikkje meir moro enn dei laga sjølve. Senterpartiet stilte med eige lag og eigen plakat på skoleplassen ved Haukås skole i Elnesvågen, på show-kampen 1. mai. Framme frå venstre: Svein Morten Sandblåst, Håkon Sandblåst, Brynjulf Hustad, Karl Rødal, Bjørn Håset og Bjarne Hatle. Bak frå venstre: Ingebrigt Myrbostad, Ivar Lindseth, Johan Ivar Solholm, Svein Nerland, Svein Olav Mordal, Kjell Gaupset og Ingar Rødal (1979).

<mai>

Det andre laget: Arbeiderpartiet brynte seg gjerne på senterpartistane (sjå april-bildet). Det er uklårt korleis fotballkampen 1. mai gjekk. Kanskje blei det uavgjort. Framme frå venstre: Jørgen Vestavik, Svenn Bjørn Vågen, Sigurd Sletvold, Olav Sørgård, Steinar Havnes og Arne Stavik. Bak frå venstre: Nils Ødegård, Bjørn Fjæstad, Toralv Johansen Solheim, Knut Myren, Kjetil Myren, Peder Sandblåst og Finn Arne Malmedal (1979).

<juni>

For vegfarande var dei som eit landemerke, kallane på benken i Elnesvågen. I helgene sat dei slik i timevis, her på nedsida av vegen for Haukås skole og Brudesetbygget. Dei hadde alltid nok å snakke om. Frå venstre Ole Feten, Martin Vasseng, Ludvig Haukås og Eivind Eidem. Ole og Eivind var brør (1979).

<juli>

Cirkus Arnardo har slått opp teltet på skoleplassen ved Haukås skole. Sirkusdirektør Arne Arnardo treng nokon frå publikum til å hjelpe seg med ein tryllekunst. Dermed blir det ein Arne til i manesjen: Arne Olav Furset frå Tornes stiller opp (1977).

<august>

Jordbærplukkarane på Dale. Frå venstre Inga Kristin Mork, Gunn Anita Faksvåg, May Britt Faksvåg, Jodis Nedrebø, Unni Dale og Nina Gjendem. Jordbærbonde Anton Dale (bak) passar nøye på at alle raude bær hamnar i kassene (1977).

<september>

Fotografen stoppar to travle syklistar i Buaværet for å sikre seg eit sporty motiv til neste avis: Roger Roaldsøy og Robert Løseth er glade objekt (1977).

<oktober>

Arnold Groven og kiosken hans i Elnesvågen var ein institusjon. Her fekk du dei aller beste pølsene i heile Romsdal, kanskje heile landet. Berre Trappekiosken i Molde kunne konkurrere. Hadde du ikkje råd til pølse med brød hos han Arnold, kunne du få brød med stappe og løksalt til ein langt meir overkomeleg pris (1977).

<november>

Johan P.A. Rødal i Sylteosen var betre kjent som Gaddhaug. Han spesialiserte seg på fjordhestar, deltok på utstillingar og dreiv småbruk på gamlemåten. Han stilte alltid opp for Bygdanytt. Slik blei han ein av avisas mest fotograferte personar, i den grad at vi ein gong hadde artikkeloverskrifta «Gaddhaug-nytt» (1977).

<desember>

Klippfiskfolket i Bud: Ho lengst til venstre har eg ikkje funne att namnet på. Dei andre er Anne Karin Modal, Solveig Seternes Drågen, Vivian Birkelund og Berit Sandblåst (1977).